onsdag 2. januar 2008

God jul og godt nyttår!

Då vil eg utnytte anledninga til å ønske alle god jul og godt nyttår..

Julafta og 1. juledag tilbragte eg ilag med familien her heime på Bakkane. 2.-5. juledag var eg i Hyen med søskenbarn og tanter og onklar, med ein tur innom Kandalen 4. juledag på juleselskap med Standal-slekta.

Nyttårsafta var eg i Ålesund, eller rettare sagt på Åse, der Hanne Hjelme bur. Der var vi 11 stk, Hanne + Christian, Solveig + Andreas, P.K., Lars Petter, Haakon Arne, Rebekka, Elisabeth, Eyvind og meg sjølv. Det var ei veldig bra nyttårsfeiring, der vi gjekk opp på ein ås og såg på fyrverkeriet, der hadde vi utsikt over Sula, Spjelkavik og Moa, og utover øyene som Ellingsøy og andre. Veit egentlig ikkje heilt sikkert kor det var vi såg hen, men det var no sånn ca iallefall. Etterpå såg vi film og PK, Eyvind, Haakon og eg døgna, og gjekk tur mellom halv 5 og 6 ein gong. Vaqr veldig koslelig.