fredag 2. mai 2008

Hei igjen, på tide me oppdatering

Nå er det voldsomt lenge sidan sist, og det har skjedd ein god del også. Eg orkar ikkje skrive om alt no, men eg kan ta eit lite samandrag.
Det viktigaste er vel Russeturnè, Trondheim/ Tromsø-tur, grilling og diverse på hesteberget, tur til Måløy og tilbake på ei natt, framføring av "den spanske flue", som då var særemne vårt, og ikkje minst starten på russetida og krussetreff i Kragerø. Utenom ditte har det stort sett gått i skule

Russeturnè:
Turnèen var 2 veka i januar. Eg reiste i lag med Thomas, Ole-Peter, Brenda og talaren Stein Raunehaug frå Bergen.Første møtet var fellesmøtet på Stranda deretter for vår gruppe først til Ikornnes, så Ellingsøya, Engesetdalen, Isfjorden, Måndalen, Vestnes, der vi var ilag med ei anna gruppe og så felles avslutningsmøte i misjonssalen i Ålesund, Spjelkavika. Det var ein konge tur, monge kjekke folk som vi fikk bu med, masse god mat, bra møter og talar av Stein, og vi var eine dagen og bada og bowla på Moa.


Trondheim/ Tromsø-tur:
Dette skjedde 11. - 15. april, og dei som var med var Elisabeth, Arne og Eg. Vi kjørte Caravella opp til Trondheim fredagen etter skulen og kom fram ca 23, overnatta der ei natt og tok deretter fly til Tromsø laurdag kl 11. 13.10 kom vi fram til Tromsø flyplass og vart der mottatt av Henriette Rogstad og Andreas Rygg som kjørte Paul sin gamle golf. Vi åt mat med Henriette før vi reiste bort til Fjellheim der vi skulle bu og der Andreas, Ragnhild og Ellisiv går på skule. Dei hadde akkurat vore i Lakselv (Ellisiv hadde vore på leir) og kom litt etter kvart.
I løpet av helga fekk vi sett oss rundt i Tromsø by, vore på kino (Varg Veum nr 4), vore med på 2 møte på Fjellheim, laga pizza, Henriette, Ellisiv, Ragnhild, Viktor (kjæresten til Ragnhild), Arne, Elisabeth, Paul, Andreas og eg. Og på mandagen fekk vi vere med på ein bibelskuledag på Fjellheim, noke som var veldig interessant. tirsdags morgon reiste vi med fly ned igjen til Trondheim, der vi stoppa ei lita stund med Elin og åt lunsj, ilag med Oddvar, og kjørte ned igjen til Vestborg, dinne gongen i Daihatsu.


Grilling og diverse på Hesteberget:
Ikkje så mykje meir å skrive om det utanom at vi haqdde det utrulig koselig, eine gongen var vi halve klassa vår, pluss noken frå vg1 og vg2. Knall bra kveld.

Tur til Måløy:
Vi fann ut rundt 22 ein kveld eg og Ruthi var ute og kjørte at i natt gjer vi noke gøy. So vi samla 5 til, Elisabeth, Arne, Henrik, Leo og Sindre og så kjørte vi til Måløy, kjøpte pølse og koste oss der ei stund og kjørte tilbake. og rakk akkurat tilbake til skulen begynte.:D

Framføring av "den spanske flue":
Det er vel ikkje så mykje å skrive om det heller utenom at det ikkje gjekk så bra den første kvelden vi skulle framføre, då det berre var Mona, PK og Gard som såg på. Det var den kvelden vi skulle få karakterar på særemne vårt. Til tross for at vi syntest det gikk skikkelig dårleg var det ein firar, tre seksarar og resten femmarar. Eg fikk fem og er strålande fornøgd med det. I den andre framsyninga vår gjekk det mykje betre, sjølv om ikkje alle huska alt dei skulle sei, greidde alle saman å halde maska og fortsette likevel, publikum flirte og vi storkoste oss. Det var ein super kveld i forhold til vår første framsyning.

Og så var det russetid og Kragerø. For dei som for til Kragerø begynte russetida fredag 25. april. Vi kjørte tre bilar frå Vestborg til Kragerø, Lars, Signe-Brit og Hjelme sine bilar. Vi kjørte torsdag 24. etter tentamenen var ferdig, og kjørte nedover til Austlandet, og overnatta der. Alle dei tre bilane overnatta på forskjellige plassa, eg og Elisabeth satt på med Signe-Brit og overnatta med lillebroren hinna i Vestfosen, 1,5-2 timar frå Porsgrunn. Der var der to søte små unga, ein på 8 mnd og ei på 2 år, kjempe søte. Og så kjørte vi resten av veien den 25., men det var berre 3 tima ca. Sidan Signe-Brit berre skulle til Porsgrunn satt eg og Elisabeth på med Lars frå Porsgrunn til Kragerø. Same oppigjen, berre at vi då kjørte heile vegen på ein dag.

I kragerø overnatta vi nesten alle russane i ein hall. Ellers var det konsert med Humming People og Dream Pilots, møte, seminarar, eg var på danse seminaren med team Hellida, og TV-Experience spelte i kirka og på møta. Det var ein kjempe bra festival og eg anbefalar neste års russ og kruss til å reise dit. Bra konsertar, toppers møte, og ei fin messe, var berre litt av det vi fekk vere med på. Vi fikk også møte mange andre kruss, og eg fikk møte mange andre som skal til Ansgar bibelskole til hausten, noke som var kjempe koselig.

Natt til 1. mai var mange av oss på Gospel-night på Blindheim bedehus, med lovsong og appell av ei eller anna Marita, veldig bra møte. Før møte laga Rebekka, Elisabeth, Hjelme, Solveig og eg bibelbollar (Bollar med bibelvers inni). Etter møte var det råning i byen og eit lite besøk til Nancy før vi reiste tilbake til Hjelme og sov. 1. mai vaqr vi på sjukehuset på barneavdelinga og delte ut bibelbollane og russekort til ungane der. og så var det tilbake til Vestborg.

Russetida er som alle veit ei tid for russeknuta, eg har komt godt i gang allereie og tatt 22 knuta, monge av dei er såkalla "spyknuta", bl.a. drikke 1,5 liter solo på under 7 min, 10 glas melk på 15 min, springe 50 gongar rundt ei flaggstong og deretter styrte ein liter kefir, og ete ei boks kattemat. Ellers har eg gjort ting som å stå over to grøne lys i byen, springe på esso kun iført handduk, vått hår og spør etter shampoo og springe kun iført undertøy 20 gongar att og fram i gangen på eit guteinternat, pluss mange fleire knutar. I tillegg har vi hatt russedåp og grisefest, uten grisedåp og tatt bilder til russeavisa. Mitt namn er Geiterams.



På laurdag skal mange av oss også til Ålesund, eller Emblem bedehus på konsert med Humming People, det trur eg blir veldig bra.

Då kjeme eg ikkje på meir å skrive om, men nå har dokke iallefall fått høyre litt av det som har skjedd siste månadane.