måndag 5. november 2007

3. dag i medan

I dag har vi ikkje gjort så masse spesielt når det gjeld prosjekta og slikt, men vi har blitt litt bedre kjent med misjonærane så er her og fått vite litt meir om kva planen for veka er. Sidan eg skal ha noke å skrive om seinare så får dokke berre vente i spenning på kva vi skal gjere seinare i veka:p

Dagen begynte med misjonærsamling klokka 9.00 der alle misjonærane, + oss, var samla og song og ba litt først, før dei snakka om litt meir praktiske ting og litt kva vi skal gjere og kva som skal skje og sånn, åso var det sosialt etterpå. Etter det var eg, Rikke og Maren, som er ettåring her nede, på lunsj til familien Stavland. Dei er så greie alle sammen her nede, både misjonærane og dei innfødte, vi føler oss så velkommen, vi føler i hvert fall ikkje at vi trenge oss på, og det er så deilig :D Men i hvert fall så fikk vi lunsj, og det var knall godt. Den Indonesiske maten er skikkelig god. Alle misjonærane har hushjelpe heime med seg, så det er ofte dei så laga mat, og dei er no så flinke då!! Eg veit ikkje heilt kva vi fikk og kva det heite, men det var i hvert fall ein rett med noken bittebittebittebitte små fisk med noken nøtte og noke, veldig godt, og så ei eller anna kyllingsuppe med noken rare grønnsaker som også var veldig godt, og så ris, som eg ikkje like så godt til vanlig, men her er det gudd:D
Åso etterpå fekk vi is å kaffi!!

Etter ein nydelig lunsj med heilt fantastisk selskap, kjørte vi og henta Mariel, dattera til Silje og Kjell Audun Herje, og slapp av Maren som skulle ha norsk, internett undervisning med Benjamin, eldste sønnen til Herje. Så var det "heim" igjen og slappte av litt før vi gikk til tøymarkedet med Silje Herje og Mariel, for å få SYDD oss kjolar :D Skikkelige skreddersydde kjola, sånn som vi vil ha dei. Min kosta ca 300-400 norske kroner og Rikke sin kosta ca 600-700 krone, og det var med spesial laga sko og det heile, så det var gøy, så no ventar vi i spenning til laurdag då kjolane skal vere ferdige og vi får prøve dei på :D Rikke sin kjole er ei tradisjonel drakt, som er skikkelig fin, og min er sånn så eg skal ha på meg på julefesten.
Etter det møtte vi Maren og sønnane til Silje, Benjamin å David, på Sun Plaza som er eit gedigent kjøpesenter, som er for overklassa her i Medan då, der åt vi middag. Og det var skikkelig godt det me, eg er heilt forelska i maten her, litt bedre enn maten på Vestborg (håpe ingen blir fornærma), og så gikk eg, Rikke og Maren og shoppa litt forskjellig, t-skjorte, surfe shorts og sånne ting. Ekte puma t-skjorter til 40 kr per stk, er eit røverkjøp altså :D

Så i dag har det stortsett vore shopping, men vi skal gjere litt anna også altså, for dei som lurte, men litt ferie må det no vere lov å ta. Og så berre for å understreke det, så er det skikkelig stor forskjell på rike og fattige her, skikkelige kontrastar, og så leve dei oppå kvarandre sånn, det er så rart å sjå. Men sjølv om dei er fattige, så virka dei så glade, og dei har heilt andre verdiar, pengar betyr ikkje alt for dei liksom, så lenge dei har kvarandre og dei greie å overleve, så virka det som om dei har det heilt bra. Det er så annaleis enn det som er i Norge, der dei fleste tenke at det å ha masse penga er det som er viktigast i livet og det er det så gjer dei lykkelige, men det er no ikkje sånn, det vise på dei fattige her. Og så er dei så hyggelige og smila og helse på deg og... heilt utrulig kor gjestfrie dei er, i hvert fall når du tenke på Norge der dei fleste ser stygt på utenlandske å sett seg sjølv foran andre. Alle nordmenn burde reise til Indonesia eller eit sånt land og fått ting litt i perspektiv og sammenlikne seg med andre folk, så kanskje ikkje har det like bra så oss materielt, men likevel er glad og fornøgde, og så sette dei so stor pris på dei små tinga som vi teke for gitt. Eg synest det er skikkelig rart. Sjølv om vi har alt vi treng og meir enn det, så manglar vi noke, noke som dei har her, omsorg for kvarandre ikkje berre for familie og kjente, men også for naboar og heilt framande folk. Og så blir dei så glade for så lite.

Eg har selfølgelig ikkje fått tatt noken bilde no heller, for eg er glømsk når det gjeld akkurat det, så eg har gløymt kameraet mitt kvar gong. Heldigvis har Rikke tatt ein del bilde så eg skal få brent på CD før vi reise herifrå..

Vi har det kjempe bra her, og storkosa oss, det er berre heilt topp..

Dokke må kose dokke heime i Norge :D

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kjekt å høyre frå deg, Mari. Vi ventar spent på blogg kvar dag. Høyrest ut som de har det bra. Men du må virkeleg hugse å ta bilde. Dei blir sentrale når du kjem heimatt. Reknar med det ikkje blir shopping kvar dag og at de skal gjere mykje anna også. Vi hugsar på deg, Mari. Ha det godt vidare, både du og Rikke og dei andre.

Ruth Iren sa...

Nå sko eg skriva sama så mordi, kjekt å hørra fra deg :P Liga kjekt å hørra kver gang. Bør oppdatera litt oftare:P hehe.. Kos deg vidare :) Savne deg, har nertelling på når du e tbage på msn'en min!!