onsdag 7. november 2007

Landsbybesøk og Berastagi

Eg fikk ikkje blogga i går fordi vi var kjempeslitne i går kveld etter ein heil dag i bil og masse inntrykk å fordøye. Vi starta å kjøre klokka 07.00 og kom tilbake nesten 23.00, så det var ein longe dag. Kvar vei tok ca 5 timar å kjøre. På veien til stoppa vi på ein lokal restaurant, på ein plass eg ikkje veit kva heite, og åt lokal mat, det var ris, med ein eller anna saus til, og så fekk vi steikt gris, og så noke svin som var kokt i blod, det er veldig vanlig her, det var skikkelig sterkt, og ikkje det beste eg har smakt, men det smakte i hvert fall ikkje blod :P På veien tilbake åt vi på ein asiatisk restaurant i Berastagi, der vi åt litt forskjellige retta blant anna friterte kylling, kylling i sursøt saus og så noke anna som eg ikkje er heilt sikker på kva det var, men det var i hvert fall veldig godt. Og så var det kinesisk mat, og det var sånn ca sånn ein kan få på kinarestauranta i Norge også.

Vi var og skulle sjå på eit av dei prosjekta som Val har, det er eit prosjekt som skal støtte lokalbefolkninga med utdanning og kunnskap til og skulle greie seg etter at landsbyen deira blir ødelagt. Det er ei ganske long historie og litt innvikla, men der er noken rike frå vesten ein plass som har funnet ut at der er gull her på Sumatra, og då bestemte dei seg for å komme hit og lage gullgruve, sånn at dei kan tjene seg masse meir pengar, uten å tenke på lokalbefolkninga som blir ramma av det. Det som skjer når dei skal holde på med gruvedrift er at det blir masse farlige utslepp som forurensar drikkevatnet og det vatnet som går til rismarkene deira. Det gjer selfølgelig at avlingane deira blir dårligare og til slutt greie dei ikkje å bo der fordi dei ikkje har noke å leve av og fordi dei ikkje har kunnskap om korleis dei kan reinse vatnet eller drive effektivt jordbruk. Og selfølgelig bryr ikkje dei som drive gruva seg om det. I tillegg har dei som bygge gruva kjøpt opp monge av husa og landet deira, gruvedrivarane har noken gonga komt med ein del pengar kontant og lagt det på bordet til disse fattige bondane og bedt om å få kjøpe landet deira, og mnge har solgt uten å tenke på konsekvensane, med svake løfter om at sjølv om dei ikkje lenger eig jorda så kan dei få bo der likevel. Men det som kan skje er at dei enten blir jaga vekk eller må reise sjølv fordi dei ikkje lenger har noke å leve av. Og så har dei fått så lite for jorda si i tillegg, gruvedrivarane kjøpte jorda deira for ca 25 kroner per kvadratmeter, og då har dei ikkje lenger noka framtid fordi dei ikkje har noke å dyrke maten sin på, og pengar er veldig lett å bruke opp på ein gong. Det er tre landsbyar som er mest ramma. Vi var og besøkte to av dei. NLM gjer foreløpig ikkje noke direkte for dette prosjektet, men dei gir støtte til ein lokal organisasjon som prøvar å hjelpe disse menneska som er ramma. Det var sterkt å sjå kor lite håp dei har igjen for å greie seg på eigenhand og så glad dei var for å sjå oss, og nesten desperate etter hjelp til å kunne greie seg, og dei er så takknemlige for at noken bryr seg. Drikkevatnet deira er allereie forurensa, og dei som drive gruva veit om det og drikker bevisst ikkje av det, men bestiller vatn frå andre plassar. Noke anna er at landsbyfolka er veldig delt i oppfatninga om gruva er bra eller dårlig, noken meinar det er bra fordi gruvedriverane tilsette lokale folk til å jobbe i gruva, dei får lønn kvar dag og for ein indoneser er lønna ganske bra, ca 20 kroner dagen. Men dei ser ikkje dei langsiktige konsekvensane, for den gruva kjøme sikkert ikkje til å vere der meir enn 15-20 år og så er den vekk og då har dei ikkje lenger noke å leve av. Og så når folket ikkje lenger har jord å dyrke på blir kvinnene og dei andre som ikkje kan arbeide i gruvene arbeidslause.

Det trur eg var nok informasjon på ein gong:P Men det er skikkelig dårlig gjort å øydeleggje samfunn for pengar, og eg synst så synd på dei som ikkje har noke frå før av, men likevel må gi frå seg det dei har, sånn at folk so allereie er rike skal bli enda rikare, og så bryr dei seg ikkje om kva det gjer med folket der eingong.

Jess, og så i dag så har det vore ein litt "lettare" dag. Eg, Rikke, Silje Herje og yngste sønnen hennar, David, var i Berastagi, uttalast Brastagi, der vi først gikk ein liten tur i jungelen bort til eit kjempe fint fossefall. Der fikk vi sjå apar som hoppa mellom trea og masse fine blomster og forskjellig, og så fann vi noken indonesiske villjordbær, som var ganske god, men ikkje noke i forhold til dei norske:D Etter jungelturen, der vi gikk sikkert berre sånn 30 min til sammen, køyrte vi og bada i varme kilder, og det var dødsherlig! Det lukta råttent egg, men det var så deilig! Vatnet kom i frå ein vulkan og ført i rør til monge basseng som dei har der. Etter det køyrte vi og besøkte ein familie som Silje har hatt veldig god kontakt med, Smiley og Sesilia og lille søte Nowall, som drive ein cafè i Berastagi, som er då nabobyen til Medan, og åt middag der. Vi fikk steikt kylling og sursøt saus og ris, det er kjempe godt! NAM!!!! Og så gikk vi litt på markedet i byen og såg litt på ting som dei solgte der og så kjøpte eg eit lite fotoalbum, eit armband, ein nøkkelring og eit penal, alt handlagd. Utrulig kor flinke dei eg å lage ting og det er utrulig kor billig dei selge det. Og så kjøpte vi oss mango, men fann ut at mango i Indonesia ikkje er like god som den mangoen vi får i Norge, det var litt nedtur. Og så køyrte vi tilbake til Medan, og resten av dagen skal vi berre slappe av og kose oss.

Eg har tatt ein del bilde i dag og i går, men eg fann ut at det er ganske tongvindt å leggje bilda inn på dataen her når eg ikkje har usb-ledninga, så dokke får vente med og sjå bilder til eg kjem tilbake:P

4 kommentarer:

Ruth Iren sa...

Så gøy å hørra fra deg ijen :D
Penga e någe drid!! Ska kje ver så opptatt av dei at me ødelegge for andre mennesker, d e forgale :S
Hørres løye ud me den der jungelen :D Wee!! Glede meg t å hørra deg snakka "live" om dette her asså!!!
Nais ^^

Anonym sa...

du må ta masse bilder!=) er kaffen der god? har du spist mange dyr?
er litt stusslig å bo alene må jeg innrømme. blir gull å få deg tilbake om 6 dager=) kos deg vidre reddik!

Anonym sa...

Heia! Spanande å lesa om d dåkke oppleve! D må ver heilt spesielt å få reisa på en sånn tur, sikkert et minne for live! Spesielt siden d e sånn "opplegg" dåkk får ver me på. Eg misunne deg såå! (Men unne deg d jo =D)
Kos deg vidare!

Mari Standal sa...

so bra at dokke e her å lese..
gla i dokke!!!