laurdag 3. november 2007

Medan

Etter to lange dagar så starta 07.00 fredag, då eg stod opp heime og gjorde meg klar til å reise, til kl 16.00, laurdag, norsk tid, som då er 22.00 indonesisk tid, var vi endelig framme i Medan, Indonesia, og vi har fått trefft noken av misjonærane her, og snart ska vi dusje og gjere oss klare til å legge oss sidan begge to e ganske trøtte å slitne. Turen starta for meg på Vigra, der eg tok fly til Gardermoen kl 10.40 fredag, der eg møtte Rikke Ludvigsen, som eg skal reise saman med på heile denne spennande turen. Etter 6 timers venting på Gardermoen reiste vi vidare til Amsterdam. Der hadde vi to timar til å orientere oss, sjekke inn og finne gate-en vår. Åso var det rett på eit 12 timers fly til Singapore. Det var ei veldig long reise, men heldigvis hadde vi eigne tv-skjermar som vi kunne sjå alle slags filma, musikk, seria å forskjellige andre ting. I tillegg hadde eg med meg fleire bøker for å få tida til å gå. Eg sov ein del, men Rikke fekk nesten ikkje sove i det heile, så eg var ikkje så veldig godt selskap trur eg. I Singapore var vi i ca 3 tima, der vi åt mat på Burger King, sidan ingen av oss likte så veldig godt flymaten:P Så endelig etter ein nesten 2 timers flytur til Medan var vi endelig framme og kunne slappe av. Her er regntid no og derfor er lufta veldig fuktig, klam og varm. Då vi landa var her litt over 30 grader. No skal eg ta meg ein lenge etterlengta dusj.

Eg har dessverre ikkje fått tatt noken bilde enda, men eg skal prøve så godt eg kan å få posta noken litt etterkvart. Håpe dokke har det bra heime i Norge og dokke på Vestborg pluss foreldre og familie må kose dokke masse på haustfesten.

4 kommentarer:

Inger sa...

Hei, Mari!
Velkomen til Asia! Det kjem nok til å bli ei spennande tid framover for deg. Lukke til, og Gud velsigne deg!
Helsing frå Japan

Anonym sa...

Ha en flott tur i Indonesia. Tenker på deg...
Hilsen en mamma på Østlandet

Ruth Iren sa...

Mari mi :)
Så flinke du e.
Tabbe å komma i regntiå, haha :P neida, tull.. Du fryse jaffal ikje, d e bra:) her har d våre 0 grade ijen, iskaldt, så du har kje någe å lengta tbage t:P glede meg t du komme tbage å fortelle fra turen!!
Glae i deg, klem

Mari Standal sa...

Her regna d ikkje so masse so ej trudde d kom t å gjer, d e berre litt fuktig åso regna d litt av å til.. men temperaturen e heilt ypperli, rundt 20-25 grade, so då egentli e ganske kalt her, men d e deili at d ikkje e altfor varmt:D men d e veldi klamt då, so du blir no svett å sånn då, men likavel.