tysdag 13. november 2007

Heime igjen...

Då var eg tilbake på Vestborg, å så tenkte eg at eg kunne legge ut noken bilde og fortelle frå heim turen.

Først på dagen i går, før vi reiste, var det morgensamling, eller misjonærsamling på kontoret, deretter hadde vi litt tid på å pakke ferdig og dusje før Silje Stavland kjørte oss til flyplassen.
Flyet gikk 15.25 frå Medan, og vi møtte opp tidlig, ca 2,5 time før, og sjekka inn bagasjen, og sidan alle tek ting så avslappa i Indonesia, så gikk det vel så lenge før vi fikk komme oss gjennom passkontrollen og satte oss ned å venta på å få gå ombord.
Så var det rett til Kuala Lumpur, Malaysia, der vi måtte vente i 6 tima. Det vart ganske langdrygt, men vi kvalte tida med litt lesing, mat på Burger King og ein kaffi på Starbucks, og så det å måtte finne fram og få tak i biletta tok no si tid. Deretter var det ein 13 timers flytur til Amsterdam, i ein jumbo-jet med to etasja :D Igjen på den longe turen var det berre eg som fikk sove, stakkars Rikke satt der og fikk ikkje blund på augene.
I Amsterdam venta vi i nesten 4 tima, og tok derfrå forskjellige fly, eg til Oslo og ho til Trondheim.
Så var det Gardermoen, der eg måtte hente bagasjen for så å sjekke den inn igjen til flyet til Vigra. Og eg stod der heilt åleine og tenkte, vær så snill, la bagasjen vere der, og den kom aldri, bag etter bag kom ut, men aldri min, men så heilt til slutt kom den endelig då, så det var ein stor lettelse då :P Og så var det å vente 3 tima der før flyet gikk vidare til Vigra.
På Vigra var det å ta imot kofferten og så rett på flybussen, og når eg kom til Moa fann eg ut at eg slapp å vente så lenge som frykta, bussen gikk vidare berre 15 minutt etter.
Og så var dete på den bussen og ingen dramatikk før vi kjørte ut av Sykkylven sentrum og bussen plutselig snudde og kjørte andre veien og mot Hundeidvik. Eg og Asbjørn, som eg møtte på Moa, trudde at vi egentlig skulle ha bytta buss i Sykkylven og at vi i staden havna i Hundeidvika og måtte få noken til å hente oss der, men heldigvis så snudde bussen på ekornes og tok veien mot Stranda igjen.
Det var heldigvis all dramatikken på heile turen, og turen vart veldig lang og kjedelig, og varte i heile 26 tima frå vi reiste frå huset til Maren til eg kom tilbake til Vestborg.




Lunsj hos familien Helland, med deilig lasagne.


Gudsteneste i kirka med 1500 menneske i.


Ein matrett vi fikk beståande av bitte små fisk og nøtter, det som ser ut som sprøstekt løk er egentlig fisk.


Ein tømmerbil hadde velta slik at vi måtte vente i litt over 30 min før vi fikk sleppe forbi.


Smakte på svin kokt i blod, på ein liten lokal restaurant, der vi åt med fingrane.


Rismarker som blir ødelagde og noken som blir ombygd til byggefelt for gruvearbeidarane.



Møte i ein av landsbyane som er ramma av gullgruva


Kirke i den eine landsbyen, der vi hadde det eine møte.


Nokre unga som følgt oss i den andre landsbyen som er prega av gruvedrifta.


Jungeltur med Rikke, Silje Herje og David.


Inni mellom greinene skal der vere ein ape.


David på tur i jungelen med paraplyblad :D


Silje og Nowall, sønnen til noken venna av Silje. Sjå kor søt han er!


Påleøya, Jaring Halus.


Geit på Jaring Halus, som går i dei søppelfylte gatene å leita etter mat


Noken av barna på Jaring Halus står utanfor barnehagen fordi dei ikkje har råd til å gå i barnehagen.


Ungane i barnehagen følger nøye med når Silje Herje fortel dei om korleis dei skal pusse tennene. Sidan religionen her er Islam, må ungane og lærarane gå med sjal og dekke seg til.


Kjem masse fleire bilde etter kvart.

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg fekk "adressa" di med Reidar i kveld, og no har eg lese meg gjennom heile turen din :-). Det høyrest utruleg spennende ut. Håper det vart bilete til slutt og at vi kanskje får sjå dei på den store 80-årsdagen???
Godnattklem frå tante Aud...