laurdag 17. november 2007

Lettelse...

I går var endelig dagen eg har venta på lenge.. Eg spaserte inn på biltilsynet temmelig nærvøs, og med ein visshet om at eg kom til å gå ut igjen skuffa. Eg tok meg ein kølapp og venta på at mitt tal skulle komme opp på skjermen over eine skranken. Eg gikk bort og fikk ordna med visse formaliteter som å sjekke id og å ta bilde, noke som ikkje vart altfor vellykka, for så å bli ført inn i eit rom med fleire datamaskiner eg kunne velge mellom. Eg satte meg ned med ein av dei og starta fort på den skumle testen. Då eg hadde sett igjennom tre gongar og fant ut at det ikkje var fleire ting eg kunne eller ville forandre på trykkte eg "avslutt" og venta spent på resultatet. Då der stod, mot all forventing, "Gratulerer, du har bestått", trudde eg nesten ikkje mine eigne auge og måtte lese gjennom fleire gonga før eg faktisk trudde det som stod der. Deretter gjekk eg ut i resepsjonen igjen og fikk utskrift av resultatet, greidde eg ikkje lenger å skjule smilet. Eg hadde berre 2 av 7 mulige feil. For ein fantastisk dag! :D No sleppe eg å lese noke meir i den teoriboka igjen, noke som er stor lettelse.

3 kommentarer:

palmakristin sa...

hehe, ej e heilt eni i den der asso! å bilde mitt va fæælt :P men digg å vere ferdi!

Inger sa...

Hei, Mari!
Kjekt å sjå bilete frå Indonesia, og vite at du er trygt heime att, sjølv om det vart ein ekstratur til Ekornes!
Gratulerer også med bestått køyretest. Lukke til med oppkøyringa!
Bra resultat på innsamlingsaksjonen, også. Flott at de står på for misjonen!!!

Anonym sa...

Gratulerer så masse!!!