søndag 11. november 2007

Siste dagane i Medan

I går laurdag, var det litt forskjellige aktiviteter. Først på dagen var det "søndagsskule" på kontoret til NLM her i Tasbi, som er det området vi bor i. På søndagsskulen er det normalt rundt 10-15 unga frå alle nasjonaliteta og ulike religiøse bakgrunna. Alle dei norske ungane går der, og i tillegg er der både canadiske, franske, kinesiske og indonesiske. Dei fleste av ungane har kristne foreldre, men der er også ein som har buddhistiske foreldre, som trivest kjempe godt på søndagsskulen. Han får egentlig ikkje lov å gå på søndagsskulen, men han vil veldig ofte overnatte med Benjamin, eldste til Herje, på fredagskveldane, sånn at han får vere med på "søndagsskulen". Det er for det meste Maren, Berit og Silje Herje som har ansvaret for søndagsksulen, men der er også eit anna indonesisk ektepar som har andakter og slikt av og til.

Så var vi å fikk prøve og justert og henta kjolane våre. Og dei vart knall fine, både kjolen min og kebayaen til Rikke. Og så gikk vi litt rundt på eit marked. Vi gikk sammen med

På kvelden i går var vi i ei anna GKPI kirke litt lenger ut på landsbygda, i lag med Kjell Audun, Det var ei heilt anna type kirke enn den første GKPI kirka vi var i. Denne var heilt enkel, med benka uten rygg og einaste utsmykka var eit enkelt kors på eine veggen og en enkel talerstol. Alle som var der tok skikkelig godt imot oss, og prøvde seg litt på engelsk og prøvde å få prate med oss. Og alle blir skikkelig glad viss vi teke fram kameraet å vil ta bilde av dei, spesielt ungane som blir heilt ville og alle vil sjå på og alle vil bli tatt bilde av. Og så heilt til slutt så fikk vi komme inn til lederane for kirka og fikk kake og vatn og snakka litt med dei. Enda ein veldig hyggelig opplevelse. I gudstenesta såg vi ein film kallt Fighting the Giants, som var ein veldig bra film, med eit godt budskap. Anbefalt.

I dag søndag som då er siste dagen her, var vi først i ei metodist kirke som misjonærane her bruka å gå i nesten kvar søndag. Det er ei internasjonal kirke der gudstenestene foregår på engelsk, så det var veldig greit å kunne få med seg det som skjedde. Deretter var det felles lunsj, med alle misjonærane og ungane og oss, vi åt på Spageddis og koste oss veldig, eg har blitt så glad i alle misjonærane her.

Etterpå var det ein liten tur heim igjen og så kjørte vi å besøkte hushjelpa til Berit og Jørn Helland, Murni. Heilt fantastisk dame, på 24 år som forsørga åleine begge foreldra og broren som ikkje greie å jobbe, faren er senil og går ofte turar, men finn ofte ikkje veien heim igjen, mora er lam frå hofta og ned og kan ikkje gå og broren har ein hjerneskade etter å ha blitt slått av medelevar på skulen sin. Og her i Indonesia er det ingenting som heite sjukeheim eller uføretrygd eller noke sånt, så det er veldig vanskelig å forsørge så mange på ei lita lønn, så Murni har 2 jobba. Det som er så fantastisk er at sjølv om dei har det så vanskelig, så er dei så sprudlande og glade og servera oss cola når vi kjem uinvitert og er så glad for å sjå oss. Det er deilig.

Etter besøket med Murni, så var det heim igjen for å ta imot skoa våre som var ferdig og vart levert på døra til oss, og så måtte vi selfølgelig prøve kjolane og skoa igjen sånn at Silje Herje og Mariell kunne få sjå oss. :D Så gikk vi på Sun plaza igjen og åt mat og eg fikk kjøpe meg ein del billige DVDa. Og så tok vi oss ein tur på j. co og fikk oss litt kaffi og donuts. Det er så billig her at ein kan gå ut og ete, og berre slappe av og ikkje tenke på at ein må lage middag.

Og i morga så skal vi reise, men før det skal vi på misjonærsamling igjen på morgenen. Og så blir det ei loooooong reise heim igjen til Norge. Og så er det tilbake til travle daga på Vestborg med lekse og innsamlingsaksjon og alt som høre med til det.

3 kommentarer:

Ruth Iren sa...

Kom deg heeeeim!! Savn på deg :(

Anonym sa...

Vi har lese med stor interesse det du har skrive. Du har jammen hatt menge opplevingar som du heilt sikkert ikkje gløymer så fort. No håper vi de får ein god tur heim att. Gler oss mykje til å sjå deg igjen og høyre det du har å fortelje, og ikkje minst, sjå bilde. Klem frå meg

Anonym sa...

ja, kom hjem!!kjedlig å bo alene!!!