torsdag 8. november 2007

Jaring Halus

I dag var vi på påleøya Jaring Halus, eg, Rikke, Silje Herje og Berit og så sjåføren vår, det var ein spennandes opplevelse. Vi kjørte først bil i 1,5 - 2 tima, og så tok vi båt i ca 30 min ut til den avsidesliggandes øya. Det var ingen båt sånn so vi er vant med, ikkje noken slags hurtigbåt, men ein gammal trebåt, veldig smal og lav og med ein motor som bråka noke forferdelig. Når vi kom fram hadde vi nesten vondt i ørene :P Då vi kom dit var første inntrykket mitt at det va skikkelig kult at heile landsbyen låg på påla, fjøle sånn ca 2 meter opp frå bakken å ut i sjøen og heile pakka, men då vi kom nærmare og gikk i land, fekk eg ei litt anna oppfattning. Vi hadde fått fortalt litt om korleis det var, men det må nesten opplevast. Vegane, viss ein kan kalle det det, va for det meste av gamle å halvvegs råtne treplanka, med store tomrom mellom monge av plankane, sånn at ein måtte konsentrere seg veldig for ikkje å trakke igjennom. Noken av vegane litt lenger inn på øya var av sement. Rundt vegane var det så masse søppel og skit og forskjellige dyr så longta ganske grusomt. Og så lukta det fisk over heile, sida det er fisk dei leve av på øya, ikkje sånne store fine seia å torska som vi får her, men små kvite, gullfisk lignandes fiska, i massevis. Dette tørka dei og dei får selgt det til byen for ein veldig liten penge, og det er nesten einaste inntektskilda dei har, dei har ikkje muligeheten til å tjene penga på andre måta, så dei er veldig fattige. Dei fiska også reke, krabba, andre store gullfiska og noke som dei kalla blanko, som er noken rare skalldyr.

På denne øya har dei greidd å lage til ein barnehage, faktisk ein veldig bra barnehage, med omtrent 70 unga. Vi gikk til barnehagen først der Silje hadde undervisning om korleis ein skal pusse tenna. Dinne barnehagen er eit av prosjekta vi skal samle inn til. Vi skal støtte dei med penga slik at barnehagen kan få meir helseundervisning. Grunnen til at dei må undervise om tannpuss, noke som vi teke for gitt, er at dei ikkje ser poenget med det, dei skjønna ikkje at dårlig tannhygiene ødelegge tennene deira, det er derfor nesten alle, både ungane og dei voksne, har råtne og stygge tenner. Andre ting dei jobba for er å prøve å lære foreldra på Jaring Halus en annen måte å oppdra ungane sine på, fordi det er veldig monge som slår og mishandla barna sine når dei ikkje oppføre seg bra. Misjonærane skal undervise foreldra om ein alternativ måte å oppdra ungane sine på, som ikkje innebære å slå barna sine. I barnehagen synge dei, leika og tegna, og dei har det gøy der, men så er der så mange som ikkje har råd til, eller er villige til å ha ungane sine i barnehagen, å det er trist. Då vi var der, var det monge unga som ikkje kunne vere med, men som stod i døropninga og såg lengselsfullt inn. Eg syntest så synd på dei, og skulle ønske eg kunne gjere noke for dei, men det er vanskelig.
I barnehage er der 5 lærera, med god utdanning og dei er flinke pedagogiske, men dei er altfor få, og 70 unga som skal passast på og nesten ingen lønn, så blir det ikkje så veldig motiverandes å jobbe der. Lærerane er nesten frivillige arbeidera der.

Etter vi var i barnehagen fekk vi ei omvisning rundt på øya, no når vi var der var det høgvatn og heile landsbyen var dekt med vatn, men når det er lavvatn der har dei ei strand der dei spelar fotball på, med nokre stolpar som mål, men den stranda er også ei form for utedo, så misjonærane som har spelt fotball der har sagt at dei ofte har opplevd å gli i diverse avføring og det som verre er. Det er ingen form for hygiene og dei har veldig lite reint vatn. Dei får kjøpt inn ein del vannflaske med reint vatn, men ikkje alle har råd til å få reint vatn alltid. Dei har prøvd å få borra hol for å få reint vatn, og dei har lykkast ein gong, men jorda er så uroleg der at berre nokre dagar etter var holet tetta igjen og dei måtte begynde på nytt, så det er veldig vanskelig for dei med reint vatn. Etterpå fikk vi komme på besøk til ein av lærarane i barnehagen, ho har 7 ungar, men likevel teke ho i mot alle dei andre ungane også. Vi satt i huset hennar og song og leika oss. Dei har så god omsorg for kvarandre, det er så godt å sjå. Sjølv om dei har sine egne unga å passe på så gjer det ingenting å passe på ein flokk til med unga. Dei er glad i kvarandre og teke vare på kvarandre, dei størst ungane teke vare på dei minste. Og så er dei så skjønne då, eg er berre heilt forelska i dei, å viss eg noken gong skal adoptere ein unge, så skal eg ha ein indonesisk unge. Dei er så fine og søte og dei har så fine smil. Dersom vi teke fram kameraet og teke bilde av dei blir dei så begeitra og vil sjå bilda og vil bli tatt bilde av, og dei gleda seg sånn over det. Eg hadde nesten ikkje lyst til å reise derifrå igjen etterpå fordi dei var så herlige. Jaring Halus er virkelig verdt å besøke. Det er eit så forskjellig samfunn frå det vi er vande med, at det kan ikkje forklarast, det må berre opplevast. Og så får du så lyst til å gjer noke for dei, å hjelpe dei, men du veit liksom ikkje kva du skal gjere.

Bilde kjøme når eg har komt tilbake til Norge og har fått min egen PC og fått bilde inn på dataen. Så dokke får berre vente i spenning :D