fredag 9. november 2007

Shopping dag

Dagen i dag starta med ei ungdomsgudstjeneste på eit universitet her i Medan. Det var masse bra lovsang og ein unge taler. Der var ikkje så mange på den gudstenesta som det var på den første vi var på, men det var likevel sterkt å sjå og høre at dei song frå hjertet. Og så var der ei jente som hadde mista foreldra sine for nesten ein måned sidan, og då hadde dei tatt ho fram til talerstolen og bedt for ho og støtta ho, og det vise berre kor masse dei bryr seg om kvarandre og tek vare på kvarandre.

Etter gudstenesta var det shopping og lunsj ute med jentene, det var Rikke, Maren, Silje Herje, Silje Stavland og dattera Maria på 2,5 måned, og Berit og dattera Naomi på 1 år. Vi var på ein sånn trefigur butikk og kjøpte forskjellige suvenira og smykkeskrin, og Rikke kjøpte sej to knallfine bilde, som var svarte pynta med kvite skjell, som hørte sammen. Og så åt vi lunsj på pizza hut og satt lenge å koste oss der. Deretter kjørte vi bort på ein sånn lita bod, der dei solgte fotballdrakter, både Medan- og Indonesiadrakter. Alle kjøpte noken kvar, og dei som jobba der vaar storfornøgde og hadde sikkert aldri fått solgt så mange drakte på ein gong før, vi kjøpte drakte for ca 600 000 indonesiske rupier som er ca 400 norske kroner, som for monge indoneserar er ei heil månedslønn og meir til. Så kjørte vi bort til eit marked, der dei solgte litt forskjellige kle og putetrekk og sånne ting, men der var ikkje så veldig masse fint der då. Så reiste vi "heim" igjen.

Så var det kvelds med familien Herje, der vi fikk Taco. Og så fikk vi kaffi og ein skikkelig god juice, kallt terung belanda, det er den besdte juicen eg he smakt noken gong, nam... Og så prata vi og koste oss og såg ein film om noken engelske misjonæra som hade reist til ein heilt ukjent stamme inne i jungelen og fortalt dei om Jesus og greidd å skape fred mellom to ulike landsbya. Denne stammen hadde vore kannibalar heilt til desse misjonærane hadde fått omvendt dei og dei hadde sett på forræderi som nesten heligt, det var ein veldig interessant film.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Vi fyl nøye med..............
p

Inger sa...

Hei, Mari!
Det er ei stund sidan eg har vore innom her, men no er eg oppdatert. Veldig spennande å lese. Du er blitt forelska både i maten og i indonesiske ungar, forstår eg. Blir nok ikkje lett å reise heimatt til Vestborg. Håper du legg ut bilete på bloggen når du har kome heim.
Hels til Kjell Audun. Eg trur han veit kven eg er. Kos deg resten av tida!
Helsing frå Japan